close

Mot Myrke Vetteren Lyrics & Chords By Glittertind

LyricsView Chords

Velkomen atter hit til våre grender,
Velkomen her, du sæle sumarkveld,
Med lauv og gras utyver alle strender
Og gule blomar i den grøne feld,
Med lette småsky, lagd i lange render
Som trådar i det høge himmeltjeld,
Og med den milde ljossken, som seg breider
Utyver fjell og fjord på alle leider.

Den siste solblenk er i havet sokken,
Den fyrste kjem snart or den låge grop,
Ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken,
Og kveld og morgon renna heilt ihop.
Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken
Og helsar morgonen med glederop.
So riser soli til den lange svingen
Og set ein annan let på heile kringen.

Kom, lat oss nøyta tidi, som ho skrider,
Og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider,
Eit stig mot myrke vetteren er gjort.
Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider,
Er fallen av, og slikt eit fall er stort.
Di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar,
Og nøyta sumar'n, fyrr eg honom saknar.

Tracks related to mot myrke vetteren - glittertind

under yggdrasil

by: adorned brood

sons of the damned

by: adorned brood

lokis tanz

by: black messiah

windloni

by: black messiah

ragnarök

by: bifröst

oceans rise

by: borknagar

fenrir

by: xiv dark centuries

jäässä varttunut

by: kivimetsän druidi

aesis lilim

by: kivimetsän druidi

ironbound

by: einherjer

ingen grid

by: einherjer

ormhäxan

by: finntroll

dråp

by: finntroll

hallowed halls

by: forefather

natural chaos

by: forefather

banshee

by: furor gallico

weltenbrand

by: gernotshagen

reuzenmacht

by: heidevolk

koivu ja tähti

by: korpiklaani

dream

by: korpiklaani

close
Sign in person Home A to Z All Artists Top Artists Top Tracks