close
Det Er Nok Det Som Jesus Gjorde Lyrics & Chords By Lars Bårdsen
LyricsView Chords
printDownload as PdfPdf
Det er nok, det som Jesus gjorde,
Det er nok det som han har sagt.
Han har sona di synd den store,
Og deg vunni så rein ein drakt.
Det er nok, det som Jesus gjorde,
Om av syndarar størst du er.
Du er beden til bryllupsbordet,
Også deg har din Frelsar kjær.
Nei, du treng ikkje lenger tvila,
For hans nåde er nok åt deg.
På eit fullført verk får du kvila,
Og så ferdast me fryd din veg.
Det er nok, det som Jesus gjorde,
Det i døden og dommen gjeld.
Me vil byggja på nådeordet,
Det er berggrunn som evig held.